Hundre appelsinar og ein fiolin
Laura Djupvik Hundre appelsinar og ein fiolin handlar om musikk, vennskap og stabeist som ikkje gir seg sĂĄ lett.
”Skal du inn til vampyren? Veit du ikkje at han har døde ungar i kjellaren? At han et dei til middag før han knaskar fiolinane deira til dessert?”
Daniel snudde seg og såg han høge i sjuande nærme seg. Han hadde raude krøllar, frekner og var i eit irriterande godt humør.
Daniel lét igjen som ikkje noko.
”Veit du ikkje at han er eit spøkelse? At han har vore død i mange år, men berre går igjen for å hemne seg på gutar som spelar fiolin?”
Dei andre lo.
Og med eitt var dei over han.
Berre Daniel kjenner BĂĄrd Skihus, den gamle fiolinisten som bur langt inne i skogen i eit lite raudt hus. Og berre Skihus kjenner Daniel, som kan spele fiolin, men som enno ikkje har nokon ĂĄ spele for.
Genres:
116 Pages